You've successfully subscribed to Obiter Dictum
Great! Next, complete checkout for full access to Obiter Dictum
Welcome back! You've successfully signed in.
Success! Your account is fully activated, you now have access to all content.
Condictio indebiti i ein praktikum – ein framgangsmåte

Condictio indebiti i ein praktikum – ein framgangsmåte

. 7 min read

Av: Arnfinn Hallanger

1.      Innleiing

Den alminnelege regelen om tilbakebetaling og oppgjerskorreksjon i norsk rett, er den ulovfesta læra om condictio indebiti. Regelen byggjer på to grunnleggjande føresetnadar: det må føreligge ein uriktig betaling, og betalinga må skuldast ein feil/villfaring hos debitor. Dersom eit anna og særskild regelsett ikkje finnast, er den ulovfesta læra om condictio indebiti heimelen for tilbakebetalingskravet. Læras tradisjonelle verkeområde har vore at betalaren må ha vore i villfaring om betalingsforpliktingas eksistens og omfang, jf. Rt. 1927 s. 237 (Garonne). I nyare rettspraksis har det skjedd ein utvikling der Høgsterett har anvendt læra på saksforhold som ikkje fell under det tradisjonelle verkeområdet, jf. mellom anna Rt. 1998 s.989 (Fearnley & Eger) og Rt. 2010 s. 816 (Konsesjonsavgift). I Konsesjonsavgiftsdommen uttalte Høgsterett at det «ikkje er grunnlag for å operere med eit formelt condictio indebiti-omgrep».

Læra er i praksis ein avveging mellom to motstridande omsyn, oppgjers- og korreksjonsomsynet. Desse omsyna må rettsanvenderen ha i tankane gjennom heile vurderinga. Oppgjersomsynet talar for at noverande situasjon oppretthaldast. Korreksjonsomsynet talar for at riktig oppgjer bør skje.

Hensikta med denne artikkelen er å gi ein praktisk framstilling av korleis ein kan strukturere og løyse ein praktikumsoppgåve om condictio indebiti. Artikkelen er ikkje meint å vere ein metodisk fasit, men eit eksempel på korleis studentar kan gå fram for å løyse praktikumsoppgåver om temaet.

Det kan ikkje oppstillast nokon hovudregel om at tilbakebetaling skal skje eller ikkje skje. Føresett at dei tidlegare nemnde føresetningar er til stades, vert det neste spørsmålet om det vil vere rimeleg at A betaler tilbake det aktuelle beløpet til B, jf. Rt-1985-290 (Birgo). I denne dommen uttalte Høgsterett at rimelegheitsvurderinga er «et grunnleggende trekk i læren om condictio indebiti» og at «hvert tilfelle skal vurderes konkret under hensyn[et]».

Rimelegheitsvurderinga skal skje som ein gjennomgang av ulike moment frå rettspraksis. Desse momenta er først og fremst eksempel og ikkje ein uttømmande liste. Det vil vere opp til rettsanvendaren å avgjere kva moment som skal få avgjerande vekt. Dette vil variere med forholda i den enkelte sak og dei øvrige relevante momenta.

Ein oppgåve om condictio indebiti kan av og til føre med seg «følgjeoppgåver» til  tilbakesøkingskravet. Eit døme på ein slik oppgåve vil bli handsama i slutten av artikkelen.

2.      Klargjering av rettsleg grunnlag

Det første ein startar med i en praktikumsoppgave er å angi den overordna problemstillinga. Dette kan typisk vere: «Spørsmålet er om Marte Kirkerud har krav på å få 100 000 kroner tilbakebetalt av Peder Ås». Deretter må oppgåveskrivaren gå vidare til å identifisere det rettslege grunnlaget for å løyse spørsmålet. Dersom det føreligg ein avtale mellom partane, må det undersøkjast om avtalen regulerer eller begrensar tilbakebetalingskravet. Om dette er tilfelle vil avtalen være det rettslege grunnlaget. Om avtalen ikkje regulerar eller begrensar tilbakebetalingskravet, må spørsmålet løysast på bakgrunn av den ulovfesta læra om condictio indebiti.

Eksempel: «Den overordna problemstillinga er om EF har krav på tilbakebetaling frå Marte.
Avtalen heimlar ikkje ein slik rett, og problemstillinga må difor løysast etter den ulovfesta læra om condictio indebiti slik denne er utvikla gjennom rettspraksis og juridisk teori.»

Det vil ofte vere klart at grunnføresetnadane for condictio indebiti føreligg. Føresetnadane for condictio indebiti er som nemnd at det føreligg ein uriktig betaling, som skuldast villfaring hos debitor. Utviklinga av læra verkar å gå i retning av at dersom det har skjedd ein formuesforskyving, som har ført til ein ubegrunna berikelse på den eine sida og eit tap på den andre, vil dette vere innanfor anvendingsområdet til condictio indebiti, jf. t.d. Rt 2010 s. 816 (Konsesjonsavgift). Dette trengst difor ikkje problematiserast, men kan slåast kort fast.

Eksempel:  «Av faktum følgjer det at EF ved en feil har utbetalt Marte for mykje og at Marte difor har fått ein ubegrunna berikelse. Grunnføresetnaden for condictio indebiti er difor oppfylt.»

3.      Rimelighetsvurderingen

Deretter bør rettsanvendaren starte med å vurdere momenta i rimelegheitsvurderinga. Når ein vurderer dei ulike momenta opp mot sakas faktum, må ein ha oppgjers- og korreksjonsomsynet i mente. Kva talar dei forskjellige momenta for? Det skal gjennomførast ein rettsleg vurdering av dei momenta som er relevante opp mot sakas faktum. Med andre ord skal ikkje rettsanvendaren ramse opp alle moment som finnast, men identifisere dei relevante og aktuelle ut i frå faktum i oppgåva. I vurderinga er det nødvendig å vekte dei ulike momenta opp mot kvarandre under omsyn til rimelegheit. Det finnast ingen alminneleg norm om kvar terskelen for å akseptere krav om tilbakebetaling ligg.

Eit utdrag frå faktum i eksamensoppgåva for 2017 ved HINN: Ole Vold var gift med Marte. Ole fekk eit brev frå EF med tilbod om å oppretthalde livsforsikringa, men han kasta brevet. Same år døyde Ole. Då Marte rydda i Oles papir, fann ho brevet. Ho kontakta EF, gjorde greie for Oles død, og meinte at ho hadde krav på utbetaling. EF sendte svar til Marte til tross for at dei mangla ein del opplysningar. Marte mottok seinare ein innbetaling på kr. 500 000 frå EF. Nokre år seinare mottok Marte ein telefon frå EF der dei ynskja tilbakebetaling av beløpet.

Først kan rettsanvendaren ta utgangspunkt i rettspraksis, eksempelvis Rt. 1985 s.290 (Birgo), og vise til at det skal gjennomførast ein «konkret helhetsvurdering under hensyn til rimelighet». Vidare kan rettsanvendaren sette opp hovudspørsmålet i oppgåva.

Eksempel: «Spørsmålet er om det er rimeleg at Marte må tilbakebetale dei 500 000 kronene ho fekk utbetalt av EF».

Eit av momenta i vurderinga er partanes subjektive forhold. Dette momentet handlar om kva partane har forstått, og kva dei burde ha forstått i den konkrete situasjonen dei var i. Graden av skuld frå partane er av stor betydning for om krav om tilbakebetaling skal aksepterast.

Eksempel: «Av faktum følgjer det at Marte misforstod brevet frå EF. Ho kan likevel neppe bebreidast for dette, då ordlyden i brevet er svært vag.»

«På den andre sida er EF å bebreide for å ha feilarkivert brev og hatt kaos i arkivet sitt.»

Om du er kjend med rettspraksis som har overføringsverdi, kan du også trekkje dette inn i vurderinga. Det sentrale er då å få fram ein henvisning til den aktuelle avgjersla, relevant faktum og rettens konklusjon, samt overføringsverdien du meiner det har.

Eksempel: EF har også utbetalt summen utan forbehald og sikkerheit rundt grunnlaget for utbetalinga. I dommen inntatt Rt. 1998 s.989 (Fearnley & Eger) uttalte Høgsterett at det talte mot tilbakebetaling at den feilaktige utbetalinga fann stad som følgje av svikt i bankens rutinar. Dette meinte Høgsterett var eit forhold som banken sjølv var nærast å bære risikoen for. Dommen har stor overføringsverdi på saka til Marte, fordi årsaka til feilutbetalinga synast å vere svikt i arkivet og saksbehandlinga til EF. Dette talar for at det ikkje vil vere rimeleg at Marte må tilbakebetale det ho fekk utbetalt.».

Tidsmomentet er ofte eit avgjerande moment. Etter kvart som tida går vil det skape større forstyrringar dersom det skal føretakast eit etteroppgjer. Både tida som er gått sidan den uriktige betalinga, og tida som er gått sidan feilen vart oppdaga, er relevante. Dess lengre tid som har gått, dess sterkere står oppgjersomsynet, og dess meir skal til før det vil være rimeleg at tilbakebetalingskravet tas til følge. Passivitet og/eller innretting vil også kunne vere av betydning.

Partane sin stilling er eit anna relevant moment. Det er stor forskjell på t.d. bankar, forsikringsselskap og store bedrifter, og ein alminneleg forbruker. Det stillast difor ofte strengare krav til profesjonelle. Dette følgjer av alminnelege avtalerettslege prinsipp og rettspraksis.

Eksempel: «I denne saka er EF utvilsamt den sterkaste part. Som eit profesjonelt forsikringsselskap må ein kunne stille strengare krav til EF angåande omstende rundt ein forsikringsutbetaling. Dommen som er inntatt Rt. 1997 s.1029 (Mofrakt) er overførbar til Martes sak. I dommen uttalte Høgsterett at det langt meir profesjonelle forsikringsselskapet burde i større grad undersøkt før dei føretok utbetaling, og at det difor var nærliggjande å plassere risikoen for feilutbetalinga på forsikringsselskapet. Dette talar for at det ikkje vil vere rimeleg om tilbakebetaling skjer.»

Avhengig av lengda på oppgåva og kva omsyn momenta støttar, kan det vere ryddig og oppgåveteknisk lurt å gjere greie for kva rettsanvendaren legg avgjerande vekt på. Ein lang vurdering med moment i sprikande retningar, vil ha eit større behov for at rettsanvendaren avslutningsvis viser kva ein legg vekt på, og kvifor oppgjers- eller korreksjonsomsynet får avgjerande vekt. På den andre sida vil ein kortare og meir einsidig drøfting ha mindre behov for dette, då dette normalt klart kjem fram i drøftinga.

4.      Tilleggsspørsmål: Kva skal betalast tilbake?

Det er vidare ei føresetjing at vilkåra for condictio indebiti ligg føre, og at det er «rimelig» at Marte må tilbakebetale til EF.

Eksempel: «EF krev tilbakebetalt heile det feilutbetalte beløpet på kr. 500 000. Marte bestrider at ho må betale heile kravet.
Spørsmålet er kor mykje Marte må tilbakebetale.»

Utgangspunktet er full korreksjon av feilbetalinga. Det har likevel vore hevda i juridisk teori at dersom betalingsmottakaren er i aktsam god tru, bør tilbakebetalingskravet omfang begrensast til den berikelse vedkommande har hatt. Dette kan ofte vere eit mindre beløp enn det opprinnelege.

Høgsterett har ikkje avsagt noko prejudikat om dette spørsmålet. Reglane er i dag antatt å vere slik at den aktsame betalingsmottakar ikkje treng å tilbakebetale meir enn den reelle berikelsen pengane har medført. Det vil difor gå eit skilje mellom investeringar og forbruk. Vanleg forbruk, tyveri o.l. vil kunne få betydning for kva som skal tilbakebetalast. Dette vert lagt til grunn i det vidare.

Faktum: Marte mottok ein innbetaling på kr. 500 000 frå EF. Ho brukte kr. 90 000 til nedbetaling av billån. Ho kjøpte seg også ein båt for kr. 100 000. I løpet av 3 år forbrukte ho kr. 210 000. Dei resterande kr. 100 000 har ho i behald.»

Det kan raskt slåast fast at dei kr. 100 000 som er i behald openbart må førast tilbake.

Likeins må dei kr. 90 000 førast tilbake, fordi nedbetaling av gjeld er ein berikelse. Også båtkjøpet er ein klar berikelse. Dette kan også raskt slåast fast.

Forbruket på kr. 210 000 er i motsetnad til dei andre postane ikkje lenger i behald. Pengane er brukt opp og vil vere vanskeleg å tilbakebetale. I tråd med det som reknast for å vere gjeldande rett i dag, er dette pengar som Marte difor ikkje må tilbakebetale.

Konklusjonen vert difor at Marte må tilbakebetale kr. 290 000.

Andre tilleggsspørsmål knytta til condictio indebiti kan til dømes vere spørsmål om avsavnsrenter, forelding og forseinkingsrenter.